Kassalapp er nå tilgjengelig som App i både App Store og Google Play

Informasjon om leverandøren

Wangensten AS er ei familiebedrift som i dag vert drive av 4. generasjon rakfiskprodusent. Det har i lang tid vore tradisjon for raking av fisk på garden vår Færden i Valdres. Alt på 1800-talet byrja vi å hente ut aure frå vatna omkring og foredla fisken på garden. Etter kvart flytte vi produksjonen til meir moderne lokale, men oppskriftene og krava til kvalitet og smak er dei same.

Frå vårt eige oppdrettsanlegg i dei Jämtlandske fjellvatna har vi tilgang til fersk fisk heile året, og slik er vi sikra rett modning. At vi har lykkast, er stadfest år etter år i rakfiskmeisterskap og ved at vi er blitt landets største rakfiskprodusent. Når du legg eit stykke rakfisk frå Wangensten på tallerken, skal du førebu deg på eit festmåltid.

Produksjonsanlegget ligg i dei tidlegare lokala til Nord-Aurdal meieri på Leira i Valdres. Her produseres det årleg omlag 150 tonn rakfisk for det norske markedet og det gjer Wangensten til den største rakfiskprodusenten i landet. I tillegg til rakfisk sel Wangensten òg Rakøl - eit spesialbrygga øl som passar perfekt til rakfiskmåltidet - og ost frå eige ystri.

Populære produkter fra WANGENSTEN AS

Produkter fra wangensten as som er mest vist på kassalapp den siste måneden.