Bli med i Kassalapp-fellesskapet på Discord

Evig fysen, når du skal lage noko ekstra godt : våre 64 beste oppskrifter

2026, Innbundet, Hans Hevrøy, John Ngan, Norsk, Nynorsk

Produktbeskrivelse

I denne kokeboka deler Hans og John frå instagramprofilen @fysenpaa 64 nøye utvalde oppskrifter frå tre heimar. I del éin er du invitert på middag til Hans sin barndomsheim i havgapet på Vestlandet. Her får du servert rettar som fleskepannekaker, komler, laks og sveler. I del to får du vera med John til det kantonesiske og vietnamesiske kjøkkenet, der du får inspirasjon til ekte, god og tradisjonsrik mat frå både Hongkong og Vietnam – som du får til å laga heime på ditt eige kjøkken. Her er det berre å forsyna seg av phở, hot pot, wonton og mykje anna snadder. Saman har Hans og John skapt ein felles heim fundert på dei ulike matkulturane sine, og dit får du bli med i den tredje og siste delen. Her skal me mellom anna innom det italienske, nordiske, japanske, thailandske og koreanske kjøkenet. Ta plass rundt det mørke eikebordet til Hans og John og smak på frukostar, forrettar, middagar og dessertar inspirerte av både oppvekst, reiser og restaurantbesøk. Evig fysen er eit resultat av to ting. Den første er den felles lidenskapen til Hans og John: mat. Den andre er Instagram-kontoen @fysenpaa, som duoen starta i 2024. I boka fortel forfattarane historia om å finna seg sjølv og å finna kvarandre. Historia om å vera lukka og gøymd, for så plutseleg å servera mat saman til fleire tusen følgjarar i sosiale medium. Evig fysen er ei bok du tar fram når du vil nyta både livet og maten som smakar best – saman med dei som betyr aller mest.  John Ngan (f. 1990) er barista og matformidlar frå Oppegård med bakgrunn frå restaurant- og kafébransjen. Han er oppvaksen i ein vietnamesisk-kinesisk heim der mat alltid har stått sentralt og vore det naturlege samlingspunktet.Hans Ola Hevrøy (f. 1989) er frå øykommunen Austevoll i Vestland og er utdanna lærar og journalist. Han har fleire års erfaring som journalist og kommunikasjonsrådgjevar og har ei sterk interesse for mat og historieforteljing.Saman driv dei Instagram-kontoen @fysenpaa, der dei deler oppskrifter og utforskar nye smakar saman.

Prishistorikk

Grafen viser priser over 30 dager, merk at vi ikke innhenter priser hver dag så feil kan forekomme.